5. april la regjeringa fram ny langtidsplan for forsvaret, evne til forsvar – vilje til beredskap. Den nye langtidsplanen legg opp til ei betydeleg satsing over 12 år med ei økonomisk opptrapping på over 600 milliardar. Ei satsing som er heilt nødvendig i ei stadig meir uroleg verd. Planen har med seg tiltak som er positive for Agder!

Tidlegare i vår varsla regjeringa at ein la opp til å nå NATO sitt mål om å nytte 2 prosent av brutto nasjonalprodukt til forsvar, men med denne satsinga på forsvaret vil ein kome nærare 3 prosent. Medan Høgre meinte NATO sitt mål var tull har Senterungdomen vore tydelege på at det er eit mål vi må nå. At vi no gjer det er ein stor siger!

At vi no gjer det er ein stor siger!

I 2009 vart Agder og Rogaland heimevernsdistrikt slått saman til eitt distrikt, og har sidan då hatt hovudsete i Vatneleiren. I den nye langtidsplanen deler ein dei samanslåtte distrikta slik at ein får HV-07 Agder tilbake att. HV-07 skal ha hovudsete på Kjevik, noko som og sikrar vidare aktivitet og eit militært fotavtrykk på Agder.

Når ein gjenoppretter Agder som eige heimevernsdistrikt att vil ein kunne få eit tettare samarbeid med viktige beredskapsaktørar i området. Heimevernet som ein nasjonal innsats- og beredskapsstyrke skal kunne hjelpe sivilsamfunnet i kriser som til dømes flaum, skogbrann eller større ulukker. Sidan vi dei seinare år har opplevd stadig meir ekstremt ver, og kan forvente oss meir i åra som kjem er det viktig med ein styrkja totalbereskap.

Beste helsing

Marianne Rossevatn,

Fylkesleiar Agder Senterungdom